Til alle kundar og forbindelser.

Ing. Øyvind Jørgensen AS er opptatt av å vera med på den felles dugnaden for å forhindra ytterleg spredning av Coronaviruset.

Me har i dag halvparten av våre ansatte på heimekontor, resten er på kontoret og følgjer råda frå FHI.

Me har i løpet av veka hatt dialog med mange av dykk kundar på telefon, mail og Teams. Dette har medført at prosjektering har gått som planlagt.

Me er stolte av våre medarbeidarar som på kort tid har oppretta kontorar i heimane sine, og dette har gått nærmast upåvirka for drifta.

På kontoret kan me ta i mot kundar berre dersom det er gjort avtale på forhand. Me har strenge daglege rutinar med spriting av handtak, heis og utstyr i vårt bygg. Det er sprit ved inngangen som alle brukar når dei kjem inn i bygget. Det skal vera trygt å kome til oss.

Alle våre handtverkarar er nær sagt upåvirka og produserar som normalt. Me har strenge rutinar og tiltak rundt våre byggeplassar, så ein kan ikkje kome uanmeldt til byggeplassane. De må først ta kontakt om ein skal møta nokon på byggeplass.

Gode løysinger sidan 1985
Me utviklar bygg- og eigedomsprosjekt frå A til Å

Våre referanseprosjekt Våre tenester Reguleringsplaner


Nokre av våre prosjekt

SYSTEMHUS

I tillegg til å teikna og utvikle egne bustader, leverer me også hus frå Systemhus. www.systemhus.no