Om oss

Øyvind Jørgensen starta i 1985 med berre ein tilsett. Sidan då har firmaet utvikla seg betydeleg gjennom mange spennande prosjekt og gode kunderelasjonar.

I dag har me sytten tilsette og kontorlokaler i Stjerneblokka på Heiane. Halvparten av dei tilsette er stasjonert på kontoret. Dei andre er i aksjon ute på byggeplassane. Dei 10-15 første åra dreiv me med alt innan bygg for industri og bustad unnateke sjølve byggoppføringa. Då var Aker Stord den største kunden vår. Så følgde ein tiårsperiode med mange oppdrag i Stavanger og Bergen, for blant anna Norwegian Contractors og First Hotel på Bryggen. På Stord har me hatt fleire store oppdrag, som til dømes djupvasskai for Aker Stord og produksjonsbygg på 6000 m² for Aker Elektro i Grunnavågen i Sagvåg. Sidan 2008 har me hatt eigne tømrarar og handverkarar for bygging og oppføring av eigenutvikla bygg.

Les artikkel frå Sunnhordland her i høve 35-årsjubileumet vårt:
Byggjer framtida saman med industrien

Komplette bygg

Ing. Øyvind Jørgensen AS er spesialiserte for å kunna ta omfattande oppdrag, gjerne hovudentreprisar for store kundar. Nokre av dei største kundane våre har vore Kværner Stord, Eldøyane Næringspark, Stord Innkvartering, W. Engelsen, Fylkesnes Bil og SKL. Me har i tillegg hatt fleire gode kundar for både prosjektering av bustad, kontor, kaier, reguleringsplanar, butikkar m.m. Me har sentral godkjenning innanfor alle relevante områder når det gjeld prosjektering av bygg og anlegg.

Heiane før og no

Biletet under viser Øyvind Jørgensen som var med i bygginga av  Heianegården i 1987. Ing. Øyvind Jørgensen AS hadde kontoradresse i dette bygget i mange år.

Øyvind Jørgensen

Kontakt oss

Postadresse

Postboks 1286 Heiane

Besøksadresse

Heiane 31

Telefon

53 40 90 60

E-post