Melding om oppstart av «Detaljreguleringsplan for gnr. 58, bnr 0219 m.fl. Beinskroken, Kolbeinsvik»

Stord, 06.06.18

Initiativtakar

Med heimel i plan- og bygningsloven§ 12-8 vert det meldt at ING. ØYVIND JØRGENSEN AS på oppdrag av Hardhaus Eigedom as, set i gang arbeid med «Detaljreguleringsplan for gnr. 58, bnr 0219 m.fl. Beinskroken, Kolbeinsvik», Plan ID: 124420170010. Saka vart handsama i Utval for plan og byggesak i sak 17/1205 den 22.05.2018, og det vart vedteke at ein kan starte opp planarbeidet.

Planstatus og føremål

Planområdet er 11,2 daa og regulert i «Reguleringsplan for deler av gnr.58, Kolbeinsvik/Beinskroken» (Plan ID 124419990006). Gnr/bnr 58/1 og 58/ 6 er ein del av forslag til «Detaljreguleringsplan for gnr. 58 bnr 6 m.fl. Beinskroken», som ligg ute til offentleg ettersyn. I arealdelen til kommuneplanen er planområdet avsett til næring; LNF på land og hamn i sjø. Planområdet er i tråd med kommuneplanen med unntak av naustbuer og parkering som ligg delvis i LNF område.

Hovudformålet med endring av plan er å utvide eksisterande heimehamn med kai og veg ned til nytt kaianlegg. Det er vidare eit ynskje om å etablere ein felles parkeringsplass til bruk for tilsette hos Hardhaus Eigedom as, samt for småbåthamn som er tilgrensande i sørvest for planområdet. Vidare er det ynskje om å få ein plan som gjer det mogleg få nye naustbuer i samband med parkeringsplassen, som kan erstatte dei eksisterande naustbuene som står i vegen for å byggje betre infrastruktur fram til ny kai.

Planføremål vil planutkastet vil bli naustbuer, kai, veg, anna vegareal, teknisk anlegg, anna veggrunn, grøntareal, parkeringsplass, grøntstruktur, naturområde, ferdsel i sjø, hamneområde i sjø. Elles vil det bli omsynsone for frisikt. I plan vil alle formål få eigarstatus.

Varselet på nettsida til Austevoll kommune og på nettsida til Ing. Øyvind Jørgensen as
(http://ingjorgens.no/referanseprosjekt/reguleringsplaner-og-byggesaker/).

Viktige utgreiingar

Det er gjort ei vurdering av om planendringa vil medføre krav om konsekvensutgreiing (KU) etter forskrift om konsekvensutredning. Planmynde er samd med ansvarleg søkar si vurdering om at planforslaget ikkje utløyser krav til konsekvensutgreiing etter §6, bokstav b eller §8 bokstav a i at det ikkje er krav til KU.

I planprosessen vil det likevel bli utgreia konsekvensane av tiltaka planen opnar for, og det skal utarbeidast ein 3d modell som illustrerer korleis te1Tengendringane vil bli sjåande ut frå sjøsida. Det vil bli gjort ei vurdering av tiltaket i forhold til §§8-12 i Naturrnangfaldslova, og det skal utarbeidast risiko- og sårbarheit vurdering.

Merknader

Spørsmål orn eller innspel til planarbeidet kan rettast til ING. ØYVIND JØRGENSEN AS, Pb. 1286, 5412 Stord, eller post@ingjorgens.no innan frist 01.07.18

Kontaktperson: Gro Fagerbakke Tesdal. Mob. 40 55 24 33

VEDLEGG:
Kart som viser planavgrensing, datert 20.10.17