Melding om oppstart av «Detaljregulering for gnr/bnr 40/5 m.fl. Verftsområdet», Stord kommune.

Initiativtakar

Med heimel i plan- og bygningsloven § 12-8 vert det meldt at ING. ØYVIND JØRGENSEN AS på oppdrag av Kværner, set i gang arbeid med endring av reguleringsplan R-43-000 Verftsområde del I. Ny plan får namnet «Detaljregulering for gnr/bnr 40/5 m.fl. Verftsområdet, Stord kommune». Planområdet er 1395,2 daa og er vist i kartet.

 

Planstatus og føremål

Største delen av planområdet er omfatta av reguleringsplan R-43-000 Verftsområde del I, vedteken i 1990. Planområdet går også litt inn i vedteken plan R-231-000 Eldøyane Næringspark, R-225-000 Fv 59 del av Langelandsvegen og Plan ID 201309 Eldøyane Næringspark 44/240 m.fl. samt område for hamn i kommuneplanen.

I arealdelen til kommuneplanen det følgjande føremål: R0043 -Reguleringsplan skal gjelde og industrihamn (IH). Det vart gitt løyve for oppstart av planarbeid oppstartsmøte datert 19.10.17.

Ny plan vil erstatte heile R-043-000 og delar av følgjande planar: R-225-000, R-231-000 og Plan ID 201309.

Hovudformålet med endring av plan er å oppdatere industriområdet på Kjøtteinen etter dagens krav og ynskjer, og i samsvar med dispensasjonar som er gitt. Sjøarealet som allereie er i bruk til industrihamn, skal i plan få det formålet. Det skal vidare opnast opp for at ein kan bygge fleire kaiar, og såleis ei utviding av landareal. Elles tenker ein ha mykje dei same formål som i gjeldande plan.

Planføremål vil bli frittliggande bustader, industri, barnehage, småbåthamn i sjø, småbåthamn på land, kontor/ bustad, kai, veg, fortau, gangveg, anna veggrunn- grøntareal, kai, parkeringsplass, grøntstruktur, friluftsområde, ferdsel i sjø, industrihamn.

Grunneigarar og naboar som grensar til planområdet vil få tilsendt eiga melding om planarbeidet.
Spørsmål om eller innspel til planarbeidet kan rettast til ING. ØYVIND JØRGENSEN AS, Pb. 1286, 5412 Stord,
eller post@ingjorgens.no innan frist 13.07.18.

Kontaktperson: Gro Fagerbakke Tesdal. Mob. 40 55 24 33