Melding om oppstart av «Detaljregulering for gnr 67 bnr 1 m.fl. Leirvik, Bekkjarvik»

Melding om oppstart av «Detaljregulering for gnr 67 bnr 1 m.fl. Leirvik, Bekkjarvik»  som er endring av ein del i «Detaljregulering for gnr.67 bnr. 1 m.fl. Bustadområde i Bekkjarvik, Austevoll kommune.

Initiativtakar

I samsvar med plan- og bygningsloven § 12-8 vert det med dette meldt at

ING. ØYVIND JØRGENSEN AS og Arkitekt Melanie Bergeron AS på oppdrag av Bekkjarvik Eigedom AS, set i gang arbeid med  «Detaljregulering for gnr 67 bnr 1 m.fl. Leirvik, Bekkjarvik» som er endring av ein del i «Detaljregulering for gnr.67 bnr. 1 m.fl. Bustadområde i Bekkjarvik, Austevoll kommune»

Planstatus og føremål

Området heiter Leirvik og i eksisterande plan er det regulert 21 naust tomter ( N3). Det er vidare regulert molo (kai) og småbåtanlegg i sjø. I arealdelen til kommuneplanen i Austevoll kommune er ikkje dette oppdatert etter vedteken plan (2015), men utsnitt frå denne er vedlagt dette varsel.

Formålet med endring i denne del av planen er å oppnå ei fortetting av nausta. I den samanheng er det gjort marknadsundersøking og prosjektering av nausta er påstarta. Arkitekten Melanie Bergeron har arbeida mykje med estetiske uttrykket for det sentrumsnære maritime miljøet for å få det så bra som mogleg. Eksisterande plan har gitt utfordringar både i forhold til estetikk og økonomi.. Ved å få eit meir brukarvennleg loft på nausta, der ein kan stå oppreist og arbeide med garn, teiner og andre sjørelaterte aktivitetar vil ein lettare få omsett. Arkitekten ynskjer at naustgruppene har variasjon i forhold til møneretning og høgd.

Det vart ved sist planarbeid gjort ein feil for naustområde N3, som først ved etter fristen for merknad vart oppdaga Då det er stup og høgt terreng bak nausta var det ynskjeleg å kunne ha naust med møne 6 meter over terrenget. Dette vart vedteken for feil naustgruppe (N1). Dette er noko ein ynskjer rette opp i ved dette planarbeidet.

Å utbetre infrastrukturen for det maritime miljøet i Leirvik nær sentrum av Bekkjarvik er svært kostbart og ein må fordele kostnadane på fleire naust skal ein kunne få ein finansieringsplan for prosjektet. Når staden har plass til det, og det er nær bustadar (brukargruppa) ser me det som ein fordel å få fleire naust konsentrert på ein stad med gode fasilitetar enn at det vert spreidd utbygging av naust i kommunen.

Regulert molo er bygd, men er ikkje ferdig. I byggjeprosessen har ein på grunn av stor djupne og mykje sjø ( bølgjer) blitt naud til å byggje moloen noko breiare og lengre ut i sjø enn regulert. Dette for å få ein molo som fungerar godt for ei småbåthamn med god livd. Det gjer at dette må endrast i plan også. Området for småbåthamn ynskjer ein også utvide litt for å leggje ein bølgjebrytar. Endringane ved plasseringane av bygningskroppane og molo vil også gje mindre justeringar for veg, parkeringsplassar, va-anlegg osb.

Planføremål vil bli naust, småbåthamn i sjø, kai, leikeplass, veg, gangveg, anna vegareal- teknisk anlegg, anna veggrunn- grøntareal, kai/molo, parkeringsplass, grøntstruktur, turveg, naturområde, ferdsel i sjø, småbåthamn, friluftsområde i sjø. Elles vil det bli omsynsoner for frisikt.

Då eigedom 67/80 er stor, er ikkje planområdet er avgrensa av eigedomsgrenser, men det er avgrensa av gamal planavgrensing i sjø, samt ut frå terrenget. Det er gjort terrengendringar i regulert naturområde ( N3) hovudsakleg av tryggleiksgrunn.

Planområdet er vist på vedlagt kart. Planområdet som omfattar både i sjø og land er 24,9 daa.

Det er politisk vedteke i Austevoll kommune at ein ynskjer at ein skal kunne starte planarbeidet for det planområdet som er vist i kartet, og politisk sak kan lesast på denne nettsida ti Austevoll kommune: http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_austevoll/wfinnsyn.ashx?response=mote&moteid=641&

 Viktige utgreiingar

I planomtale til planen vil det bli kasta lys over konsekvensar av prosjektet og det skal utarbeidast risiko- og sårbarheit vurdering.

Merknader

Spørsmål eller innspel til planarbeidet kan rettast til ING. ØYVIND JØRGENSEN AS, Pb. 1286, 5406 Heiane innan frist 07.01.18. Alle innspel vil bli kommentert i planomtale til planen.

Kontaktperson: Gro Fagerbakke Tesdal.

 

Vennleg helsing
Gro Fagerbakke Tesdal
ING. ØYVIND JØRGENSEN AS
Mob. 40 55 24 33

 

VEDLEGG:

Kart som viser planavgrensing, datert 06.09.17

«Detaljregulering for endring del av plan for gnr.67 bnr. 1 m.fl. Bustadområde i Bekkjarvik, Austevoll kommune , vedteken 2015

Oversiktkart som viser utdrag frå kommuneplanen i Austevoll kommune vedtatt 2013.

Orientering frå Arkitekt Melanie Bergeron, datert 07.09.17

Orientering frå forslagstiller og grunneigar Inge Halstensen, datert 03.09.17

Ilustrasjonar utarbeida av Arkitekt Melanie Bergeron

 

KOPI:

Austevoll kommune. Plankonsulent; Sunniva Skålnes Samdal og Plan- og byggesaksjef; Erik Andreas Kyvik.

Bekkjarvik Eigedom as.

Arkitekt Melanie Bergeron

Bekkjarvik Eigedom v/ Christian Halstensen